Alværa -din stad for kurs/konferanse?

Fine uteområder

Alværa er ein godt vedlikehalden samlingsstad, bygd i 1982, som ligg som ei idyllisk perle mellom fjord, skog og fjell. Her er naturen tett på. Dette gir gode sjansar for rekreasjon. Staden er også godt tilrettelagt for rullestolbrukarar, med alt på eitt plan. Ein perfekt stad for å samlast til kurs. Her er det stille og de kan ha fokus på det som gjeld, møte mellom menneske.

Sidan staden ligg mellom E39 og fjorden, er det enkelt og greitt å kome seg hit. Berre to timars reise til Bergen og en times reise til Førde og flyplass. Rett forbi Alværa går det bussar til og frå Bergen, Førde og Ålesund. Det er 5 minutt med bil til Lavik, der det går hurtigbåt til Bergen, Sogn og Nordfjord.

Alværa er ope heile året, men tar berre imot grupper. Staden er godt eigna – for alle! Både barn, tenåringar, konfirmantar, familiar og pensjonistar, blåturar og businessreisande, dei med utferdstrang og dei som likar å sitje inne og sjå ut på vakker natur. Vi har hatt mange besøkande gjennom åra og har lagt til rette for ulike arrangement for barnehagegrupper, leirskuler, weekender for organisasjonar og kyrkjelydar, konfirmantleirar og ulike vaksenarrangement. Staden er godt eigna for samlingar for verksemder og organisasjoner.

Selskapslokale

Vi har også godt eigna lokale for selskap av alle typar – bryllaup, konfirmasjonar, minnesamvær eller anna. Vi serverer opp til 140 personar.

Alværa har 57 sengeplassar fordelt på 13 rom av ulik storleik.

Ta kontakt, så finn vi ei god løysing på ditt arrangement saman med deg! Vi er her for å skape gode minner!

You may also like...