Mariahelg 7.-8. mars, -tema: «Guds visdom»

Mariahelg:

Innimellom treng vi å få litt avstand til alle gjeremål i kvardagen. På Alværa får vi komme og legge vekk stress og prestasjonskrav.  Vi ynskjer at dette blir ei helg der vi får senke skuldrane, finne kvile og få mat for sjela.  Felles måltid og hyggjeleg sosialt fellesskap med andre er og ein vesentleg del av helga. Mariahelga er for kvinner i alle aldrar.

Tema for helga:

«Guds visdom», er tema for helga.
Lin Åm leiar oss i dette. Det blir tid for refleksjon og lokal pilegrimsvandring ute i området. 

Vi har lyst til å synge ein del i lag, så ta gjerne med instrument eller notar/songar du vil bruke. Kanskje greier vi å øve inn ein fleirstemt song i løpet av ettermiddagen ?

Program for årets helg:

Laurdag 8. mars
11:00 Velkommen og info
Samling
13:00 Lunsj
14:00 Disponibel tid til tur, strikketøy i sofaen eller prate med nokon. Ver sosial eller bruk tida åleine
16:00 Kaffi, te og kake
18:30 Festmiddag med program
21.00 Fyr i peisen, song, utlodding og misjonsforteljing

Søndag 9. mars
08:30 Morgonbøn
09:00 Fleksifrukost
11:00 Gudsteneste i Lavik kyrkje v/ Inger Cesilie Fitje
13:00 Middag og avslutning

Praktisk info:

Påmelding -seinast 23. februar.
Påmelding til Alværa på e-post: alveram@nms.no  eller tlf. 48 99 06 61.
Gi beskjed dersom du reiser saman med nokon du kan dele rom med og gi beskjed om eventuell matallergi ved påmelding.

Pris for helga:   kr. 1500,-
Passar det best å kome fredagskvelden, så ordnar du deg sjølv. Kvelds/frukost blir sett fram. Det kostar 400 kr ekstra.

Eventuelle tillegg:
Leige av sengetøy/handkle: kr.125,- (oppreidd seng kr.200,-)
Tillegg for einerom: kr. 250,- (Alværa har få einerom)
(Dei fleste romma har sengeplass til 4 inkludert hems)
Gebyr ved avmelding seinare enn ei veke før: kr. 500,-
Betaling på Alværa.

Kva treng vi ha med?

  • Ullsokkar/innesko
  • Finklede til festmiddagen
  • Sengetøy, handkle (kan også leigast)
  • Ein liten gevinst til utloddinga laurdagskvelden
  • Turklede og gode sko for deg som likar å gå tur
  • Handarbeid for deg som likar det
  • Norsk Salmebok 2013 viss du har

Arbeidsgruppa for Mariahelg i år er:
Cathrine Waage Tveit, Hild Eimhjellen og Lin Åm

 

You may also like...