Mariahelg 8.-9. mars, -tema: «Kvile no»
Mariahelg:
Innimellom treng vi å få litt avstand til alle gjeremål i kvardagen. På Alværa får vi komme og legge vekk stress og prestasjonskrav. Vi ynskjer at dette blir ei helg der vi får senke skuldrane, finne kvile og få mat for sjela. Felles måltid og hyggjeleg sosialt fellesskap med andre er og ein vesentleg del av helga. Mariahelga er for kvinner i alle aldrar.
Tema for helga:
«Kvile no», er tema for helga.
Stine Karin Sæle tek med seg gitar, ukulele og ei sjølvskrive konsertforteljing som ho kallar “Hvile nå”:
“Denne har sitt utspring i at Stine Karin Sæle til tider er et engasjert, utpreget JA-menneske med alt for full kalender. Hun har også rukket å møte veggen to ganger, og dermed lært seg å hvile på den harde måten. Erfaringene har gitt grobunn for både sanger, dikt og fortellinger, som hun nå deler i konsertfortellingen “Hvile nå”. Det handler om travelhet, utmattelse, tålmodighet, kreativitet, tro, glede og massevis av håp.”
Stine Karin Sæle er ei kreativ sjel som for tida jobbar frilans med m.a musikk- og tekstformidling, låtskriving, song, teikning og handarbeid. Musikken til Stine Karin finn du der du lyttar til musikk.
Program for årets helg:
Laurdag 8. mars
11:00 Velkommen, samling
13:00 Lunsj
14:00 Fellesaktivitet
15:30 Disponibel tid til tur, strikketøy i sofaen eller prate med nokon
16:30 Kaffi, te og kake
17:30 Konsertforteljing, Stine Karin Sæle
19:00 Festmiddag med program
21.00 Fyr i peisen, song, utlodding og misjonsforteljing
Søndag 9. mars
08:30 Morgonbøn
09:00 Fleksifrukost
11:00 Gudsteneste i Lavik kyrkje v/ Inger Cesilie Fitje
13:00 Middag og avslutning
Praktisk info:
Påmelding -seinast 20. februar.
Flott om du kan melde deg på litt tidleg, sidan vi bør vere 20 påmelde for å gjennomføre helga til prisen som er sett.
Påmelding til Alværa på e-post: alveram@nms.no eller tlf. 48 99 06 61.
Gi beskjed dersom du reiser saman med nokon du kan dele rom med og gi beskjed om eventuell matallergi ved påmelding.
Pris for helga: kr. 1700,-
Passar det best å kome fredagskvelden, så ordnar du deg sjølv. Kvelds/frukost blir sett fram. Det kostar 400 kr ekstra.
Eventuelle tillegg:
Leige av sengetøy/handkle: kr.125,- (oppreidd seng kr.200,-)
Tillegg for einerom: kr. 250,- (Alværa har få einerom)
(Dei fleste romma har sengeplass til 4 inkludert hems)
Gebyr ved avmelding seinare enn ei veke før: kr. 500,-
Betaling på Alværa.
Kva treng vi ha med?
- Ullsokkar/innesko
- Finklede til festmiddagen
- Sengetøy, handkle (kan også leigast)
- Ein liten gevinst til utloddinga laurdagskvelden
- Turklede og gode sko for deg som likar å gå tur
- Handarbeid for deg som likar det
- Norsk Salmebok 2013 viss du har
Arbeidsgruppa for Mariahelg i år er:
Cathrine Waage Tveit, Hild Eimhjellen, Lin Åm og Beate Bondevik Lie