Velkomen til Misjonsdag torsdag 27. august 2026!

Torsdag 27. august kl. 13:15 starar ein flott og spennande dag på Alværa kyrkje- og misjonssenter. Me tek til med middag med dessert og ein kaffikopp. Litt seinare på ettermiddagen serverer me kaffi og noko attåt. 

Svanhild Ask leier oss på ein kort «pilegrimsvandring» i nærområdet. Det blir ute om veret tillet det, elles går me omkring innomhus.

Landy Bakke

Landy Bakke, gasser som no er tilsett i NMS og har heile Norge som arbeidsstad, vert med. Ho vil fortelje og viser bilder frå Mangarano, som no får ein heilt annan funksjon enn i tidlegare tider. Ho bidreg også med andakt og song.

Ein nedstøva leprakoloni skal gjenreisast til eit psykososialt helsesenter der markens grøde blir ein del av terapien. Mangarano er prega av gamal storheit, men også tidens tann. I nesten 130 år var omsorg for spedalske det største diakonale arbeidet i NMS. Mange har strikka grytekluter og fylt kollektbøssa for Mangarano, byen for dei som ingen vil ta i, bortsett fra diakonissene som la ned store deler av livet her. Så kom medisinen, og arbeidet fasa ut. Tilbake står ein nedstøva og tom «spøkelsesby» full av potensiale. Igjen skal Mangarano absorbere eit stort og aukande behov.

Pris: 385,- kr.

Misjonsoffer til NMS.

Påmelding innan fredag 21. august til Alværa:

alveram@nms.no eller telefon 489 90 661.

Misjonsdagen er ferdig litt før kl 18:00

You may also like...