Velkomen til Mariahelg 9.-10. mars 2024!

FOR KVINNER I ALLE ALDRAR!
TEMA: «GÅ ALDRI ÅLEINE»

 

 

 

 

 

 

Mariahelg:
Innimellom treng vi å få litt avstand til alle gjeremål i kvardagen. På
Alværa får vi komme og legge vekk stress og prestasjonskrav. Vi
ynskjer at dette blir ei helg der vi får senke skuldrane, finne kvile og få
mat for sjela. Felles måltid og hyggjeleg sosialt fellesskap med andre
er og ein vesentleg del av helga.

Tema for helga:
«Gå aldri åleine», er tema for helga. Rigmor Frøyen tek utgangspunkt i
bok av Stian Kjelde Aarebrot, «Gjøre. Høre». Om å lese bibeltekstar,
også i lag med andre. Å tru åleine er som å holde liv i eit bål med ein
vedkubbe, seier Aarebrot. Korleis lese bibeltekstar og leve det ut i det
praktiske liv? Korleis kan vi hjelpe og støtte kvarandre.

Konsert:
Sølvi Aemmer Hopland blir med på Mariahelga. Sølvi er låtskrivar,
sangar, sorgveileder og fyrvertinne – med ynskje om å bringe litt lys,
er omtalen ho seier om seg sjølv. Songane ho syng er kvardagsnære,
hjertefødde og himmelvendte.
Sølvi kjem frå Måløy i Nordfjord og driv der bla. Ulvesund fyr.

PROGRAM FOR MARIAHELG 9. – 10. MARS 2024
Laurdag:
11:00 Velkommen
11:30 Temasamling v/ Rigmor Frøyen
13:00 Lunsj
14:00 Temasamling held fram, innlegg til gruppesamtale
15:30 Disponibel tid til tur, strikketøy i sofaen eller prate med nokon
16:30 Kaffi, te og kake
17:30 Konsert med Sølvi Aemmer Hopland
19:00 Festmiddag med program
21.00 Fyr i peisen, song, utlodding og misjonsforteljing

Søndag
08:30 Morgonbøn
09:00 Fleksifrukost
11:00 Gudsteneste -Prest: Rigmor Frøyen
13:00 Middag og avslutning

Påmelding
-Seinast 20. februar.
Dei som melder seg på tidleg er sikra plass.
Påmelding til Alværa på e-post: alveram@nms.no eller tlf. 48 99 06 61.

Gi beskjed dersom du reiser saman med nokon du kan dele rom med.
Gi beskjed om eventuell matallergi ved påmelding.
Pris for helga: kr. 1800,-
Inkludert konsert med Sølvi A. Hopland.
Eventuelle tillegg:
Leige av sengetøy/handkle: kr.125,- (oppreidd seng kr.200,-)
Tillegg for einerom: kr. 250,- (Alværa har få einerom)
(Dei fleste romma har sengeplass til 4 inkludert hems)
Gebyr ved avmelding seinare enn ei veke før: kr. 500,-
Betaling på Alværa – kontant eller med bankkort.

Kva treng vi ha med?

  • Ullsokkar/innesko
  • Finklede til festmiddagen
  • Sengetøy, handkle (kan også leigast)
  • Ein liten gevinst til utloddinga laurdagskvelden
  • Turklede og gode sko for deg som likar å gå tur
  • Handarbeid for deg som likar det
  • Norsk Salmebok 2013 viss du har

Arbeidsgruppa for Mariahelg i år er:
Anne Magerøy, Førde
Cathrine Waage Tveit, Brekke
Greta Gard Endal, Førde

VELKOMMEN!

You may also like...